The Kite Runner

Only available on StudyMode
  • Pages : 9 (3644 words )
  • Download(s) : 1102
  • Published : October 26, 2010
Open Document
Text Preview
Litterær analyse – Drageløperen

«Jeg ble den jeg er i dag en kald, overskyet dag vinteren 1975 – da jeg var tolv år gammel. Jeg husker det helt nøyaktig, det var i det øyeblikket jeg krøp sammen bak jordhaugen like ved den islagte bekken for å kikke inn i smuget. Det er lenge siden, men jeg vet nå at det ikke er riktig det de sier om fortiden, at du kan fortrenge den. Når jeg nå ser tilbake, forstår jeg at jeg har kikket inn i det forlatte smuget de siste tjueseks årene.»

(Drageløperen, s. 7)

Slik byrjar forteljinga om Amir og Hassan, dei to gutane som var bestevener, nesten som brør. Allereie i dette fyrste avsnittet, gjer forfattaren, Khaled Hosseini, eit frampeik mot noko som skal skje seinare i boka, gjennom retrospeksjon. Eg har vald å analysere denne romanen, «Drageløperen», av Khaled Hosseini. Denne boka tar for seg mange viktige tema, som synd og tilgiving, forhold mellom foreldre og barn, lojalitet mellom vener, og karakterstyrkje. Men allereie i dette avsnittet visar forfattaren det eg vil fokusera spesielt på i min analyse, utviklinga av hovudpersonen frå barn til voksen. Han hintar til at det skjer noko i barndommen som vil merke hovudpersonen for alltid, som blir ein del av kven hovudpersonen blir som voksen, og eg vil sjå nærmare på dette.

«Drageløperen» handlar om Amir, ein rik pashtuner, og Hassan, ein fattig hazara, som er sonen til tenaren til Amir si far. Dei to gutane veks opp saman i eit fredeleg Kabul, og driver tida med dragekamp, vandring i gatene, leik og dumme påfunn. Amir si far (som blir kalla for «Baba» - pappa, gjennom heile boka) er ein rik forretningsmann, og han bur med sonen, tenaren Ali og Hassan, sonen til Ali, i eit stort herskapshus i Kabul. Han er glad i begge gutane, men verker kritisk til Amir, som han synast « [...] manglar noe [...]». (Hosseini, 2003, s. 28) Han har sett at i konflikt med dei andre barna i gata, er det alltid Hassan som forsvarar Amir, og får han ut av trøbbel, og dette uroar Baba. Amir på si side er redd Baba legger skulda på ham for mora si død, ho døde mens ho fødde Amir. Men han har ein slags farsfigur i venen til Baba, Rahim Khan, som skjøner Amir betre enn hans eiga far gjer, og forstår hans interesse i bøker og skriving. Ei vinter avgjer Amir og Hassan at dei skal delta i den årlege dragekampturneringa i Kabul. Amir vinnar turneringa, og gir dermed Baba ein grunn til å vere stolt av ham. Hassan er Amir si drageløper, og løpar for å hente den siste, prestisjefylte dragen. Men det tek veldig lang tid, og Amir blir bekymra. Han går for å sjå etter Hassan, og oppdagar at Hassan har kommet i konfrontasjon med Assef, bølla i nabolaget. Amir og Hassan har hatt tidlegare konfrontasjoner med Assef, og det har vist seg at han er slem, voldeleg, og har sadistiske tendenser, og ikkje er redd for å gjere noko for å få det som han vil. Amir ser på frå eit smug mens Assef forlanger å få dragen av Hassan, og Hassan nektar å overgi den. Assef set seg da føre å voldta Hassan, noko Hassan tar utan å seie eit ord. Da går Amir, han spring vekk frå smuget, klarar ikkje sjå på, men klarar heller ikkje trå frem og seie noko. Når Hassan kjem ut frå smuget med dragen i behold, latar Amir som ingenting har skjedd, og dei to pratar aldri ut om det som skjedde i det smuget. Men etter denne hendinga kjølar forholdet mellom dei to gutane, Amir følar seg elendig fordi han ikkje klarte å seie noko, og no er han redd for korleis Baba vil reagere om han finn ut kva som er hendt, kor modig og lojal Hassan har vore, og kor feigt han har oppført seg, og han er redd Baba skal bli enda meir glad i Hassan enn i han. Den einaste løysinga, i Amirs auge, er å få Hassan vekk. Han sett opp eit scenario, og heng ut Hassan som ein tjuv, noko han trur er idiotsikkert, for Baba har sjølv sagt han hatar tjuvar over alt i verda. Til hans store overrasking tilgir Baba Hassan, men Ali, far til Hassan, seier at det er umogleg for dem å bli der no, og at dei må flytte, og Amir skjønar at Hassan...
tracking img