Statsbygging I Slovakia

Only available on StudyMode
  • Pages : 7 (2253 words )
  • Download(s) : 716
  • Published : October 15, 2008
Open Document
Text Preview
1.0 Innleiing

Opp gjennom historia har Europa vore ein mosaikk av regionar som har blitt føya saman til suverene statar over ein periode på fleire hundre år. Statssosiologen Stein Rokkan analyserte korleis denne statsdanningsprosessen tok for i Vest-Europa på 1600-talet, og utvikla eit sett klassiske statsdanningsteoriar. I Aust-Europa er ein derimot langt frå ferdig med sine respektive statsdanningsprosessar. Etter kommunismens fall i 1989, gjennomgår mange ferske statar i Aust-Europa dei same utfordringane som Vest-Europa gjorde i dei føregåande sekla. Ein av desse nye statane er Slovakia. Med sine 15 år har Slovakia knapt kome ut av spedbarnstadiet i statsdanningskontekst. Slovakia har i 1000 år vore avhengig av maktsentra i Ungarn, Tsjekkia og Sovjetunionen. Slovakia var såleis van med å vere utan sjølvstende, så kvifor vart då Slovakia likevel ein sjølvstendig stat i 1993? Ved å nytte Rokkans statsbyggingsteoriar, vil eg i denne oppgåva sjå kva for komponentar som har vore naudsynte for statsdanningsprosessen til Slovakia, og vidare drøfte om Rokkans statsdanningskriteria framleis er gangbare for å kunne skildre Slovakia som ei vellukka statsdanning ut frå vår notidige historiske kontekst. Før eg går i gang med dette vil eg først klargjere kva teoriane til Rokkan går ut på.

2.0 Rokkans statsdanningsteori

2.1 Stat og statsbygging
Stein Rokkans modell for statsdanning inneheld fire utviklingsfasar: 1. Statsbygging, 2. Nasjonsbygging, 3. Deltaking og 4. Omfordeling. De to siste er framstøyt frå periferien som søker å omstrukturere det politiske systemet ved å fremje krav om fleire politiske og sosiale rettar, og omfattar dermed utviklinga av nasjonalstaten og massedemokratiet (Flora, 1999:131-133). Dei to første fasane framstiller derimot framstøyt frå sentrum i eit forsøk på å binde eit territorium til sin militær- administrative kontroll. For å kunne avansere til dei tre siste fasane, er det essensielt med ei solid gjennomføring av fase ein, nemleg statsbygging. Det er denne eg vil konsentrere meg om i denne oppgåva.

Max Webers klassiske definisjon av ein stat er eit hierarkisk strukturert politisk system med ein organisasjon som opprettheld orden innan eit territorium gjennom kontinuerleg bruk av fysisk makt. (Flora, 1999:110). Joseph Schumpeter trekk frem ein anna eigenskap som han meinte hadde same grunnleggjande funksjon, nemleg å opprette monopol på skattelegging (Pierson, 2004: 24). Begge desse bør difor vere til stades for å kunne gjennomføre ei statsdanning. Grunnstega i denne prosessen kan ein forklare ut i frå anna aspekt ved Rokkans statsbyggingsfase, nemleg territoriell penetrasjon av infrastrukturelle og politiske system frå sentrum og ut til periferien (Flora 1999:117).

2.2 Sentrum og periferi
I Rokkans terminologi er den idealtypiske framstillingen av omgrepsparet sentrum-periferi, at sentrum har administrativ kontroll over periferien, som både er økonomisk avhengig og blir dominert kulturelt av sentrum (Flora, 1999:108). Dette føregår gjennom ein periode der politiske, økonomiske og kulturelle elitar går saman for å inngå kompromiss på tvers av lokale maktområde og dannar kulturelle band. Som eit resultat av dette vert det oppretta institusjonar som har til føremål å trekke ut ressursar av befolkninga som har i oppgåve å trekke ut ressursar til å danne eit felles forsvar, juridisk konfliktløysing og oppretting av lov og orden (Flora 1999:131). Desse prosessane inneber ei rekkje komponentar som militær erobring, administrativ utbygging og skattlegging. Innkrevjinga av skatt er eit viktig instrument for å framskaffe ressursar og finansiere militæret, for på den måten å kunne forsvare grensene, samt holde indre orden. I statsbyggingsomgrepet ligg det altså ei sentrumsdanning og innlemming av periferien, såkalla inkorporering og penetrasjon. Alt dette bør vere på plass i den første kritiske fasen av ei statsdanning. Eg vil no sjå på korleis dette har blitt gjennomført i Slovakias...
tracking img